Konradløpet: 22 har full pott
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Apr 2016
Det første Konradløpet
vart arrangert 1. mai 2002. Den gongen deltok 195 personar. I år vert løp
nummer 15 arrangert. 22 personar har aldri svikta, og vert premiert med 15 års
premien om dei er på plass når startskotet smell 1.mai 2016. Her er namna:
·
Torhild Horsevik
Skogvold
·
Kjellaug Petrine
Ulset
·
Grethe Ramstad
Fet
·
Bjørg Frøystad
Hole
·
Kjersti Ulset
Lade
·
Odd Lennart Lien
·
Ingunn Hole
Hunnes
·
Toril Hole Frøysa
·
Per-Gunnar
Holmberg
·
Liv Nordli Hole
·
Odd-Kåre Fet
·
Magnhild Hole
·
Jan Ove Skogvold
·
Ellinor Brunstad
·
Bastian
Weiberg-Aurdal
·
Magnus Ødegård
·
Mette Ulvestad
·
Jarle Bjørkavåg
·
Inger Riksheim
·
Anita Kjersheim
·
Paul Hole
·
Atle Hole
Som vi ser 13 kvinner og
ni menn, ikkje uventa då løpet har hatt kvinnefleirtal dei fleste åra. Fire av
dei 22 er over 80 år. To av desse over 85. To av personane på lista har teke
Idrettsmerket over 50 gonger (Paul Hole 52 og Grethe Fet 50). Vi ser at løpet
sin faste oppvarmar, Bjørg Frøystad Hole, står på lista. Like så bygda si
desiderte langrennsdronning når det gjeld KM-titlar (Inger Rikseheim). Og bygda
sin sjefsgartnar av same årgang.
Ekstra kryss i margen til Kjersti Ulset
Lade, som er i særklasse yngst på lista. Faktisk er ho og Odd Lennart Lien dei
einaste under 50 år! At alle på lista er sykkylvingar, er naturleg sidan det
stort sett berre var sykkylvingar som deltok fyrste gongen. I dag er dette
annleis, sjølv om sykkylvingane enno er i fleirtal.
Velledalen IL håper at
heile hurven er på plass 1.mai 2016, slik at VIL blir 22 stk 15 års premiar
fattigare etter årets arrangement. Vi ser at tolv av dei 22 alt har kome på
påmeldingslista. Framifrå!