Ebrahim Abdulaziz 1.06.31 på halvmaraton
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Apr 2016
arkivfoto
Det var i 2013 at Ebrahim
Abdulaziz sette rekord i Konradløpet på 14.11. Same året sprang han halvmaraton
på 1.05.39, som òg er hans personlege rekord på distansen.
Bladet Kondis melder frå
Berlin at Abdulaziz opna i haraste laget.
Han passerte 10 000 meter
på 30.46, berre ni sekund etter hans personlege rekord på distansen. Men mot
slutten gjekk det tyngre, slik at sluttida denne gongen vart 1.06.31, som heldt
til 22.plass i det harde feltet.
Ebrahim Abdulaziz er ikkje
norsk statsborgar, men har budd i Noreg lenge nok til at han i 2015 vart norsk
meister i maraton. Og han representerer Strindheim. Om han kjem til å sette
sine lette føter i Konradløypa fleire gonger er høgst usikkert