Ny lovnorm og O-gruppe i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2016
Her fekk laget på plass ei
ny gruppe, nemleg orientering. Siste året har vist at det har vore interesse i
bygda for denne idretten, både mellom foreldre og unge utøvarar. Initiativtakar
og pådrivar har vore Pernille Lervåg, som no vart leiar i Velledalen IL si
O-gruppe.
Desse er med i gruppa:
Pernille Lervåg, leiar
Janne Tomtum
Monica Orre
Anne Grete Nordal
I vedtaket frå årsmøtet
heiter det at gruppa konstituerer seg sjølve innan Idrettsregistreringa
(seinast 30. april)
Elles kan det nemnast at
gruppa har ordna seg med eit knippe gode hjelparar. Her kan nemnast Merete
Masdal, Håkon Fet, Bernt Are Lervåg og Lars Inge Sæther. Også hovudstyret i
Velledalen IL vil trø til ved arrangement, som 17.april då det er sesongopning
med familieorientering i området ved Dalemyra.
Elles minner vi om kurset
for nybyrjarar på Emblem 5.april klokka 17.00. Det hadde vore fint om fleire
frå Sykkylven kunne teke turen dit.