Vi heidrar Atle Jomar Hole som i dag fyller 60 år.

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mar 2016

Det er påske og eg er på besøk
heime på Hole. Eg har akkurat delteke på Team Bøe Bakkeintervall i Skogvegen
Fet og Påskekonrad saman med bl.a. Atle Jomar Hole. Det var fin og hard trening
for ein vanleg mosjonist. For å få litt inspirasjon i det videre treningsarbeidet,
les eg i ei lita notisbok med treningsminner frå oppveksten. På første side i
boka står det om rekord i springing frå Olastabburet inn til lèet og tilbake.
Olastabburet står der det alltid har stått, derimot er lèet borte. For dei som
er godt kjent på vegen inn i Holemarka, stod denne grinda på Geithaugen. Den
registrerte rekorden frå 1975 er på vel 4 minutt og skrive inn av Atle. Han er
ein av dei som har betydd mykje for meg i oppveksten som ein dyktig motivator
og god rollemodell.

Dyktige motivatorar og gode rollemodellar
er viktig i alt idrettsarbeid og Atle står i ei særstilling i så måte. Han er ein
av dei fremste i vår region her på Sunnmøre.
I tillegg til å vere gardbrukar, journalist og styreleier i Velledalen
idrettslaget, er Atle også redaktør for Velledalen idrettslag si heimeside.
Denne heimesida blir oppdatert med små
og store nyhende på idrettsfronten. Nyhende med prestasjonar på lokalt
mosjonsnivå og nasjonalt/internasjonalt nivå. Her får ein heile biletet på breidden
av aktivitetar som meir eller mindre er knytt
til Velledalen Idrettslag.

Det er enkelt å måle resultat
når vi snakkar om toppidrett, her er det første kvinne/mann til mål og ferdig
med det, men korleis måler vi ulike resultat frå Konradløpet? Vi har ein
Konradstatistikk, men er det heile sanninga? Det å gå bak statistikken, slik
Atle gjer, kan gi viktig informasjon og
sette ulike prestasjonar og tider i rett perspektiv med relevante kommentarar. I
resultata frå Konradløpet står det bl.a. å lese «sprek unggut», «sterk
framgang», «ny presterekord», «snart 15
års-medalje» og «eldste deltakar». Slik eg ser det, går dette rett inn i diskusjonen
om forholdet mellom toppidrett og breiddeidrett. For å få til toppen må ein også dyrke og
oppmuntre den breidde som dei aller fleste meir eller mindre vil vere en del
av. Breiddeidretten er grunnmuren i norsk idrett og Konradløpet er ein del av
ein slik grunnmur.

Atle er med på å formidle og
forvalte grunnverdiane i norsk idrett:


 -
  

 Glede gjennom
mestring


 -
  

 Fellesskap gjennom
utvikling saman


 -
  

 Helse gjennom eit
heilskapleg liv


 -
  

 Ærlege og tydelege
haldningar

Vi veit alle om Atle sin gode
innsats i skisporet, på fotballbana, med joggesko og som organisator for alle
typar festivalar og messer. For denne
innsatsen skal han få velfortent heider. I dette skrivet tenkjer eg mest på det
Atle gjer for å motivere alle andre til å stå på å trene og konkurrere i ulike
idrettar. Kor mykje Atle sitt arbeid er verdt i betre helse i «nedslagsområdet»,
kunne vore artig å visst og kanskje ei nyttig rekneøving for dei som set opp
budsjetta for førebyggjande helsearbeid.

På heimesida står det at Atle
vart æresmedlem i idrettslaget i 2007, det var vel fortent og ikkje for tidleg.

Vi heidrar i dag Atle som den rollemodell
og pådrivar han har vore og er slik at både mosjonistar og utøvarar på toppnivå
yter betre på trening og konkurranse. Ein fin presang til Atle vil vere at alle no
bidrar til rekorddeltaking på Konradløpet i jubileumsåret med start frå
Joker-butikken kl. 0500 den 1. mai. Vi
sjåast alle der og Team Bøe treningar er fin oppkøyring for ei god
gjennomføring.

Roger Malvin Hole

PS: Ekstra gratulasjon frå
Kjellaug Ulset, ho er klar 1. mai!