Fleire påmelde med 14 av 14 Konradløp

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mar 2016

Og Toril Hole Frøysa fortener litt omtale på sida vår
i dag.
   Dama som i år er 45 års
konfirmant, bur i Straumgjerde, men voks opp i Velledalen. Nærare bestemt på
Hole med
    Holmbergs Gartneri, Øyebrua og
Konradløypa som næraste nabo.


 At Toril har delteke 14 av 14 mulege gonger er ikkje
eksplosivt nytt i seg sjølv.
   Men når
vi veit at mora, Magnhild, har gjort det same og at faren, Paul, ikkje ville
vere noko dårlegare – då byrjar det bli ein smule spesielt. Toril er altså alt
påmeldt, og vi håper Paul og Magnhild held seg friske og raske og kan gjere det
same slik at trekløveret kan bli hylla i lag.


 Men det stoppar faktisk ikkje her!
   Ei anna dotter av Magnhild og Paul, Marit, står med
13 av 14 mulege deltakingar. Og når vi veit at ho er sentral i arrangementet,
som premieinnsamlar og frukostansvarleg, då treng ingen tvile på kva denne
familien har hatt felles kvar 1.mai dei siste 15 åra. Du tenkte rett - KONRADLØPET!!