Påmeldingsskred frå Ikornnes

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mar 2016

Arkivfoto frå Konradløpet 2009

Ekteparet Ellinor og
Kjell-Arne Brunstad har gjort til tradisjon å stille i Konradløpet. Ikkje
åleine, må vite. Dei tek alltid med fleire utøvarar frå yngre generasjonar.
Ellinor har full pott (14), det vil seie ho er mellom relativt få som skal ha
15 års premien etter årets løp. Kjell-Arne må vente til 2017, han ligg nemleg
eitt løp bak Ellinor.

Ellinor og Kjell-Arne kan
stå som gode føredøme på familiar som opplever noko i lag. I dag presenterer vi
mannskapet i «teamet» deira som hittil er påmelde i årets løp:

  ·
   
14 løp: Ellinor
Brunstad – skal ha 15 års premien i år.

  ·
   
13: Kjell-Arne
Brunstad

  ·
   
13: Kim Andre
Midtlid

  ·
   
13: Nikolai
Slettvold

  ·
   
  
  
  9: Brage Andre Slettvold - skal ha 10 års premien i år.

  ·
   
   8: Mads Emil
Midtlid

  ·
   
   2: Maylinn
Midtlid – skal ha Konradmedaljen i sølv i år.

Som vi ser skal «Teamet», som må omtalast som eit breiddeteam, ha tre
15 års premiar i 2017, om alt går etter planen. Særdeles flott levert!

Topp og breidde går hand i
hand i Konradløpet. Også frå menneske med adresse Ikornnes. Det har nemleg kome
påmelding frå Njål Torillson Tyssing. Debutant med bravur i 2015. 3.plass då på
tida 15.22, den tredje beste tida nokon sykkylving har levert. Berre Kjell
Magnar Berli (15.16) og Sverre Gunnar Brunstad (15.17) har levert raskare.

   Njål kjem altså tilbake, og han tek med seg
faren og mannen som har NRK-rekorden i løpet, Alf –Jørgen Tyssing.

Vil nokon ha greie på
NRK-rekorden må ein ta seg inn i Lars Inge Sæther sin statistikk og finne tida
til Alf-Jørgen Tyssing i 2015 der