Birken-plasseringar på VIL-løparane
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mar 2016
Arkivfoto frå Fjellsæterrunden 2016
Fredagsbirken:
K 16-39 år: 26.
Hilde Riksheim Tandstad 4.41.06
Birkebeinerrennet:
25-29 år: 106. Kjell
Magnar Berli
3.22.12 – merke nr. 3
50-54 år: 108. Svein Arne
Nakken 3.29.56 – merke nr. 17
60-64 år: 142. Olav
Brunstad 4.20.05
Vi gratulerer elles
Fridtjof Fredriksen, Jan Egil Årnes og Marit Josefsen med flotte prestasjonar
der alle tre greidde merkekrava. Fridtjof og Marit tok begge sitt 10.merke,
medan Jan Egil om få år kan vere sunnmørs-nestor om han held fram som han
stemnar. Berth med sine 33 merke deltok ikkje i år, og mannen med flest merke
frå Sunnmøre i 2016-rennet, Per Heltne frå Volda, greidde ikkje kravet og står
framleis på 24.
Og kven er Marit Josefsen,
spør du kanskje. Oppvaksen på Ikornnes, dyktig skiløpar der i sin barndom, fødd
i 1957, og hard konkurrent mellom andre med Inger Riksheim, mor til Hilde
Riksheim Tandstad. Så vidt eg veit har ho ikkje budd i Sykkylven på nokre tiår.
(Har nokon utfyllande
kommentarar er det fritt fram).