Berre 45 kvinner slo Hilde i Fredagsbirken
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mar 2016
Hilde Riksheim Tandstad
gjorde ein feiande fin debut i Fredagsbirken mellom Rena og Lillehammer i dag.
Ho brukte 4.41.06 på den 54 kilometer lange løypa, og vart nummer 26 i klasse
16-39 år. I tillegg gjekk 20 kvinner over 40 år raskare enn Hilde. Altså nummer
46 av alle kvinner i rennet. I morgon får vi sjå kva merketida i klasse 20-24 år
vert i Hovudrennet.
I ei melding til VIL-Nett
etter rennet seier Hilde fylgjande:
- Eg er kjempenøgd
med resultatet. Gjekk med krampe i låra i fire mil. Kanongode ski takka vere
Team Hatlen.
I morgon får Hilde kose
seg som tilskodar og hjelpe-kvinne. Mellom anna skal ho frakte ein bil frå Rena
til Lillehammer.
Trioen som representerer Velledalen IL
under Hovudrennet er:
·
Olav Brunstad
(60-64)
·
Svein Arne Nakken
(50-54)
·
Kjell Magnar
Berli (25-29)
I morgon vert det
Birkebeinerlaurdag på VIL-Nett. Fylg vår trio, pluss mange andre der.
Kan bli jubileum for
Fridtjof Fredriksen og Marit Ellen Josefsen som begge går for Birken-merke
nummer ti!