Fredagsbirken: God start for Hilde
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Mar 2016
I dag
debuterer Hilde Riksheim Tandstad i Fredagsbirken, og starten har vore god.
Vi veit ikkje
om så fælt mange som går Fredagsbirken dette året, men Velledalen IL er
representert ved Hilde Riksheim Tandstad – debutant i langtids-sjølvpining på
ski. I tillegg går tre karar frå Geiranger IL
Passeringstider:
SKRAMSTAD:
Terje Drege
Rusten 45.29
Rune Maråk
47.21
Lars Olav
Westerås 49.18
Hilde R.
Tandstad 52.00
KVARSTAD:
Rusten 2.09.30
Westerås
2.09.54
Maråk 2.15.42
Hilde R.T.
2.33.42
Vi veit lite
frå vår posisjon i Velledalen kor tøft Hilde vil få det på slutten. Men 2.33.42
på Kvarstad betyr ei tid under fem timar utan for stor «slakke» mot slutten.
Vi kjem tilbake med slutt-tider seinare
SJUSJØEN:
Westerås
3.07.30
Rusten 3.13.01
Maråk 3.20.01
Hilde R.T
3.47.22
MÅL:
Lars Olav
Westerås 3.52.14
Terje Drege
Rusten 4.01.19
Rune Maråk
4.09.55
Hilde Riksheim
Tandstad 4.41.06
Då er det
over, og vi kan gratulerer Hilde med ein særdeles lovande debut. 4.41.06 er
prima. I morgon får ho merketida i klasse 20-24 år. Med litt ekstra skitrening
kan ho vere der alt i 2017.
Hilde har sendt fylgjande melding til
VIL-Nett:
-
Eg er
kjempenøgd. Gjekk med krampe i låra i fire mil. Kanongode ski takka vere team
Hatlen.