Beklagar Olav!
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mar 2016
For få dagar
sidan skreiv vi at Velledalen IL var representert ved Hilde Riksheim Tandstad
under Fredagsbirken, Svein Nakken og Kjell Magnar Berli i hovudløpet
palmelaurdag. Men vi gløymde Olav Brunstad, og det heng saman slik:
Vi gjorde eit
søk på klubbnamn – Velledalen IL – og fekk då opp Hilde, Svein og Kjell Magnar
sine namn fordi dei melde seg på MED klubbnamn. Olav Brunstad vart ganske nyleg
medlem i VIL, og står påmeld som: Olav Brunstad, Elverum. Difor kom ikkje han
opp når vi søkte på klubbnamn Velledalen.