2014-vinnaren mellom kvinnene påmeld

    Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mar 2016

    Hittil er Kari-Anne
    Tryggestad Ryste den einaste påmelde av topp-3 i kvinneklassa frå 2015. Dei som
    fylgjer med i lokal idrett veit at Kari-Anne representerer Sunnylven IL, men
    bur i Ålesund. Ho har gjennom vinteren vore stabil på 43-talet på mila under
    Ålesund Vinterkarusell, som betyr at ho framleis vil halde seg på 18-talet i
    Konradløpet.

    Då ho vann Konradløpet i
    2014 sette ho ny rekord. Den fekk veteranen ha nokre sekund mindre enn eitt år.
    1.mai 2015 kom nemleg Anna Elise Ullavik Sylte inn på 17.54, og overtok
    rekorden. Bestetida til Tryggestad Ryste i Konradløpet er 18.09. Ho har også
    den tredje beste kvinnetida med 18.28.

    Som ein skjønar; Kari-Anne
    Tryggestad Ryste kan vere kvinna å slå om ein vil bli best i Konradløpet 2016.
    Sidan ho deltek for tredje gong er ho etter årets løp kvalifisert til
    Konrad-medaljen i sølv – uansett kva fart ho held