Knapp veke til Birken-helga

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mar 2016

arkivfoto
Det startar med
FredagsBirken 18. mars. Klokka 08.40 har Velledalen IL ein debutant til start i
dette rennet. Med startnummer 62 152 på brystkassa legg Hilde Riksheim
Tandstad i veg på den ukjende kraftprøva. Klasseinndelinga er annleis enn i hovudrennet, slik at Hilde går i klasse
16-39 år.

Dagen etter trur vi det
både maurar og kriblar i kroppane til Kjell Magnar Berli og Svein Arne Nakken
rundt klokka 08. Klokka 08.05 fyk nemleg Kjell Magnar ut med startnummer 1134
frå startpulje to, fem minutt seinare Svein Arne Nakken med 1822 på kassa frå
startpulje tre. Kjell Magnar går i klasse M 25, Svein i klasse M 50. Greier
begge merkekravet har dei 20 til saman.

Greier Kjell Magnar slette
klubbrekorden på 3.03.33, eller sprengje den magiske grensa på tre timar….?

Vi opnar for at dei som
ynskjer kan tippe sluttidene på dei tre VIL-løparane. Premie til beste tips.
(tips til: atlehole@online.no – 917 43 761)

PS. Elles vil vi som før
fylgje eit knippe utvalde løparar med passerings- og sluttider. I samband med
dette må du gjerne tipse oss om sykkylvingar som går Birken i 2016