Tre strake for Olaf
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2016
Avslutningsløpet
samla i alt 41 deltakarar. 15 av desse sprang fem kilometer, resten ti. Mellom
dei som valde lengste distansen var Velledalen IL sin einaste deltakar, Olaf
Einar. Og for tredje gong i 2016 enda han opp som vinnar av klasse 70-74 år.
Tida denne gongen vart 53.20 – nøyaktig 5,20 på kilometeren for dei som vil
teste farta.
Raskast på ti
kilometer var Bjørn Lundanes, Emblem IL, (bror til O-løpar Olav) med fine
33.20.
Sidan dette
var siste løpet denne sesongen i vinterkarusellen, så gratulerer vi Olaf med
innsatsen. Ein flott representant for laget vårt!