Sterk debutant påmeld til Konradløpet 2016
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mar 2016
Fredrik Framhus Hole
Drabløs representerte i 2015-sesongen Herd (Ålesund). Han gjorde fleire
knallsterke løp. Eksempelvis på Hellesylt. Der var han tredje beste sunnmøring
i det 6,6 kilometer lange Hellesyltløpet. Han kom inn på tida 23.58, og slo
spreke menn i 40-åra som Per Inge Bjørnestad (24.26) og Alf Petter Bøe (25.54).
Som igjen betyr at Fredrik er ein mann for 15-talet i Konradløpet.
Som igjen betyr at han er
ein potensiell vinnar. Og særleg om han har teke nye steg i positiv lei gjennom
hausten og vinteren. Ser vi på påmeldingane hittil for Konradløpet 2016, og
tenkjer oss at løpet vart arrangert no i helga, finst der berre tre
vinnarkandidatar:
·
Fredrik Framhus
Hole Drabløs
·
Kjell Magnar
Berli
·
Per Inge
Bjørnestad
Vi ynskjer Fredrik
hjarteleg velkomen som deltakar i Konradløpet, og vi ser ikkje vekk frå at
heile Bøtel-slekta vil vere på plass langs løypa. Greier dei heie Fredrik
Framhus Hole Drabløs fram til siger burde ei «oppståe» i god tid før klokka
05.00 den aktuelle datoen (1.mai) vere eit heler lett offer.