Kan Kjell Magnar vinne Fjellsæterrunden…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Feb 2016
Kan Kjell Magnar Berli
vinne årets Fjellsæterrunde…? Du vil kanskje svare: Det spørst kven som har
meldt seg på. Eit heilt korrekt svar. Men tek vi utgangspunkt i fjorårets
deltakarliste, KAN faktisk Berlien vinne på ein god dag. Ein maks-dag.
Avstanden i 2015 var to og eit halvt minutt mellom rennvinnar Bjørn Ole
Vassbotn frå Volda og Velledalen IL sin Kjell Magnar Berli. Vassbotn er komen
opp i ein alder der han normalt sett vil tape seg litt om han ikkje stadig
trenar betre. Kjell Magnar er enno ganske fersk som skiløpar, og vesentleg
yngre.
Målet hans er ganske
sikkert å vere nærare Vassbotn enn i fjor.
Kjell Magnar brukte i fjor
1.10.27 som vinnar av klasse 26-30 år. Svein Arne Nakken leverte òg varene med
1.12.15 og 2. plass i klasse 46-50 år. Han var fire sekund føre Fridtjof
Fredriksen.
Terje Aurdal var
Velledalen IL sin tredje deltakar i konkurranse-klassene. Han gjekk på 1.19.57,
som gav 3. plass i klasse 61-65 år. Premien til beste tremannslag gjekk til
Volda. Valldal vart nummer to og Velledalen IL (Berli, Nakken, Aurdal) på
tredje.
Vi tek òg med at Håkon
Fedt var raskast i bedriftsklassa
PS: Hugs Barnas
Fjellsæterrunde – Start klokka 12.35 (fem minutt etter dei STORE gutane og
jentene)!