Gyls og grabbarna går Furusjøen Rundt

    Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2016

    I dag reiste trioen
    Fridtjof Fredriksen, Kjell Magnar Berli og Svein Arne Nakken til Kvam i
    Gudbrandsdalen. 20. februar går karane turlangrennet Furusjøen Rundt.

    I 2015 hadde også dette
    rennet deltaking frå Sykkylven. Då med ein kvartett. Mannen som «manglar» i
    2016 er Karstein Jensen.

    For moro skuld kan vi ta
    med fjorårsresultata, berre for å sjå om trioen held stand eller har tapt seg.

    25-29 år:

    10. Kjell Magnar Berli,
    VIL, 2.25.11

    45-49 år:

    4. Fridolf Fredriksen,
    SIL, 2.25.10

    5. Svein Arne Nakken, VIL,
    2.25.14

    Som vi ser var dei
    urovekkande jamne.
      Er det dette vi
    kallar kompisgåing….?

    HONNØR TIL NJÅL

    Når vi fyrst er inne på
    emnet lange renn, tek vi med at Njål Torillson Tyssing, KPMG/Ikornnes IL, sist
    helg kom bra frå Holmenkollmarsjen. Rennet vart korta ned frå 54 kilometer til
    36,8. Plasserings-messig vart Njål nummer 53 av 192 fullførande i klasse 30-34
    år på tida 2.16.33. Lovar bra for Holmenkollstafetten i mai!

    Vi oppmodar alle som vil
    ha rosande omtale om å melde inn resultat til: atlehole@onlie.no