Adrian og tausene frå Stranda
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2016
Sist sundag deltok han
altså i slalåm, i klasse G10 år. Her leverte han ein feiande fin 1. omgang på
tida 46.65. Han var ikkje like heldig i den andre, då omgangstida vart 54.38.
Men alt i alt ein lovande sesongdebut i det ein kan kalle større renn.
Tre dagar seinare, onsdag
17. februar, var Adrian deltakar i
Fjellsætercup. Denne gong i klasse 8-9 år. Distanse to kilometer i klassisk
stil. Her fresa han gjennom løypa på 13.13. Bestefar Einar må nok gå i
kjellaren skal han stive den tida.
Det er snart Alperitt, så
vi kastar på eit foto derifrå av Adrian sitt faderlege opphav. Eivind Fet plar
vere kvass i Alperittet, så Adrian kan trygt ha faren som sportsleg
rollemodell.