Fjorårstoaren i Konradløpet påmeld
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Feb 2016
arkivfoto
I 2015 stogga klokka på
15.16 for Kjell Magnar Berli under Konradløpet. Den beste tida nokon
velledaling nokon gong har gjort, og den åttande beste tida i løpet totalt.
Berli sprang fire sekund raskare enn i 2014.
Sekunda er harde på dette
nivået. Det veit Kjell Magnar godt. Målet er truleg ny personleg rekord, men
han kan óg ende opp som vinnar. Løpet har fleire gonger blitt vunne på langt
svakare tid enn 15.16. Spørsmålet er: Kven deltek..?
Løparen på andre pallplass
har altså meldt seg på. I fjor vart Jan Ketil Vinnes (Ålesund) vinnar, medan
Njål Torillson Tyssing (utflytta ikornnesing) tok tredjeplassen. Ein skal ikkje
sjå vekk frå at dei fylgjer opp med påmelding også dette året.
10 beste velledalstider i Konradløpet 2002-2015:
15.16: Kjell Magnar Berli (2015)
15.17: Sverre Gunnar
Brunstad (2009)
15.20: Kjell Magnar Berli
(2014)
15.29: Nils Terje Skylstad
(2004)
15.39: Alf Petter Bøe
(2011)
15.50: Kenneth Fet (2010)
15.52: Alf Petter Bøe
(2010)
16.02: Nils Terje Skylstad
(2003)
16.04: Kenneth Fet (2011)
16.05: Kjell Magnar Berli
(2011)