Slike jenter likar vi!

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Feb 2016

Kring 100 utøvarar
deltok 14. februar i Fjellseter-rennet,
arrangert av Spjelkavik IL. Velledalen IL var ikkje representert, men det
deltok ein ung friskus som bur i Velledalen. Ei jente som nyleg har flytta til
Tregardane. No demrar det kanskje. Namnet er Julie Angelica Aure Strømme.
Deltakar i klasse J 8 år og yngre.

Elles deltok Isak Fet Vindenes i klasse G 9 år og
Jakob Fet Vindenes i G 11-12 år. Her kjem det også foto om ikkje så brått – av
heiagjengen også, nemleg besteforeldra Grethe og Odd-Kåre Fet. Desse to gutane
representerer Spjelkavik IL, som hadde kring 30 utøvarar i dette rennet.

I G 10 år deltok Adrian
Ulstein Fet. Dei fleste av VIL-Nett sine lesarar kjenner i alle fall faren
godt, Eivind Fet. Framleis ein habil alpinist, noko han prova som prøvekøyrar i
rennet.

Det vil kome foto av
«Fikja-gutane» også her på nettsida, så kik innom.