Kortreiste 1. premiar i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Feb 2016
Planlegginga av
Konradløpet er godt i gang. Også det som har med premiering i gjere. Det
fylgjer dette opplegget:
Minikonrad: Alle premiert
Konradløpet:
I tilfelle stol eller liknande
verdigjenstand vert den trekt mellom alle deltakarar. Vidare blir tre beste
kvinner og tre beste menn premiert frå scena under premieutdelinga. Der vil
også «spesielle» utøvarar verte trekte fram. Det vert som før trekt gåvepremiar
på startnummer. Kring 25 prosent av deltakarane vert premiert på denne måten.
Og det er som før diplom etter 1. gong deltaking, Konradmedaljen i sølv etter
tredje, Konradmedaljen i gull etter sjette, så har vi tiårsvasen - og nytt av
året:
Premie for deltaking 15 gonger.
Det er bestemt at Ingvart
Nilsen og Solveig Hopland held fram som 1. premie-leverandørar.
Ingvart sitt trearbeid vert smykka med
vakre velledalsfjell frå Solveig si hand. Premiar vi kan vere stolte av å
levere ut. Nytt av året vert at firma/privatpersonar/organisasjonar får høve
til å sponse desse premiane.
Alle som vil støtte
Konradløpa med premiar kan vende seg til Marit Hole eller Odd Kåre Fet.
PS! Minner om påmeldinga
til Konradløpet på nettsida vår. Alle påmelde før vinterferie-start er med i
trekninga av hettegenser.