Flykningar velkomne i Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Feb 2016
Høyrer du inn under
kategorien «flyktning», er meldinga stort sett klokkeklar frå ørskogbygdaren
Listhaug om dagen; då er du ikkje spesielt velkomen til kongeriket Noreg.
I året 2013 sat ein mann
frå Eritrea i mottak i bygda Tingvoll på Nordmøre. Karl Egil Brunstad,
oppflaska og oppvaksen i Velledalen, tok med seg denne mannen til Konradløpet i
Velledalen 1. mai 2013. Abdulaziz kunne kunsten å springe, og la bak seg den
4,5 kilometer lange løypa på 14 minutt og 11 sekund. Klar ny rekord, som enno
står!
To år seinare, sommaren
2015, var det maraton-NM i Trondheim. Dei ivrigaste veit at Sverre Grunnar
Brunstad vann klasse 45-49 år her. Totalvinnar vart ein kar som heitte
Abdulaziz Ibrahim, som no representerte Strindheim IL (Petter Northug sin
klubb). Identisk med vår gode ven som vann Konradløpet på rekordtid i 2013.
Vi kan trygt slå fast at flyktningar er velkomne til
Konradløpet 2016,
under same vilkår
som Abdulaziz hadde i 2013, og under same vilkår som alle andre deltakarar.
PS.
Kikar vi
litt tilbake i fortida vil vi finne at vi er rett mange av flyktning-ætt her i
kongeriket. Eg er sjølv ein av dei. Bestefar min, Karl Larssen Hole, var mellom
dei som forlet dårlege utsikter i Noreg i 1892 (som 21-åring) til fordel for
Amerika. Han «rømde» ikkje frå krig, men tronge tider og ei usikker framtid.
Framtidsvona var rett og slett større i Amerika.
Der tok han seg arbeid på kafe som
oppvaskar og lærde språket. Så vart det jarnbanearbeid, skogsarbeid og
gullgraving. Siste yrket hans i Amerika var «farmar». Han fekk over kjærasten
sin Berte (bestemor mi) i 1904, gifte seg i 1905, fekk ei dotter i 1907, før
familien reiste tilbake til heimlandet i 1908.
Atle