Hei, no trur eg snart du skal lese ei bombe:
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Feb 2016
Kvelden før Petter Northug skal krysse mållinja på sjølvaste
Holmenkollen
skistadion, fekk to lokale utøvarar gjere det same. Fredag
vart nemleg KK-mila på ski arrangert. Ellen Marie Hole og Hilde Riksheim
Tandstad fullførte løpet, og hevda seg i godt selskap med over 400 andre damer.
Hilde kom i mål som nr. 14, og Ellen nr. 22. Dette gav høvesvis 2. og 4.
plass i klasse 23-34 år. Ikkje dårleg, med løparar frå BUL, Koll og Lyn rundt seg
på resultatlistene.
Grunna dårlege snøforhold vart løypetraseen flytta, og løps-lengda
vart redusert frå 10 km til 8 km. Svært kupert terreng med mykje bakkar, og
minimalt med flate parti. Tett snødrev gav dårleg sikt og tidvis dårlege spor,
men elles ei artig løype.
Kommentarar frå jentene:
- Hilde (tid 32:55): Hadde godt feste og gjekk bra i
motbakkane, men vart stadig runnen frå i nedoverbakkane. Høgdepunktet var
då eg kom inn på stadion, og fekk høyre over høgtalaranlegget: "Her
kommer Hilde Tandstad fra Velledalen IL i fint
driv!" Kanskje ei historisk hending i
VIL-samanheng? Stor stas, i alle fall!
- Ellen Marie (tid 33:55): Hadde veldig god glid i dei
bratte nedoverbakkane, nesten for bra etter min smak. Må nesten takke min
personlege smørar, Anders Wigdahl, som hadde preppa klar to par ski til meg,
for å vere budd på alt slags vêr. Syns også det var stort stas å få gå inne på
stadion i Kollen
Her er resultatliste: http://live.ultimate.dk/desktop/front/index.php?eventid=2830&language=no
Ellen Marie