Terje Aurdal gjekk renn i Slovakia
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Feb 2016
arkivfoto
Hittil denne sesongen har
Velledalen IL hatt fleire deltakarar på skirenn i utlandet enn i Noreg. Siste
sundag i januar, vart Terje Aurdal ganske sikkert den fyrste utøvaren som har
representert Velledalen IL i Slovakia. Då gjekk han Biela Stopa, eit renn på 13
km i klassisk stil saman med 160 andre.
13 av løparane i rennet høyrde
til gruppa «Fjord Skiers», og fleire av dei hevda seg godt. Dei fleste gjekk i
klasse 56-65 år og fekk desse resultata:
2. Geir Verpeide 42.32
5. Ole Johan Lillestøl
46.11
6. Terje Aurdal, Velledalen IL 46.30
7. TerjeNerhus 47.15
8. Terje Drege Rusten
48.45
12. Tor H. Hole 50.06
19. Roar Wille 55.52
33. Kåre Arne Erstad
1.04.34
Rennet skulle eigentleg
vore lenger, men vart korta ned grunna lite snø. I alt var 18 personar med i
reisefylgje til «Fjord Skiers» - 13 aktive i tillegg ein heiagjeng på fem.
Truleg ein lystig tur.