Svein helsar heim frå Italia
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jan 2016
Midt på dag den 31.
januar, ikkje fælt lenge etter målgang, melde Svein Arne Nakken seg på telefon
frå ski-stadion i Val di Femme.
- Er det mogleg å
få sende ei helsing heim…?
- Køyr i veg, gode
mann!
- Då vil eg fyrst
og fremst helse til Anita og gutane som held skansen heime. Så må eg sende
helsing og takk til Knut Hatlen for god skipreparering og oppofrande
serviceteneste her nede. Vidare ei helsing til gode kollegar ved Ullavik skule
som gav meg fri i tre dagar, og til elevar ved same skule med ei særskilt
helsing til 3. og 7. klasse. Og når eg fyrst er i gang, sleng på ei helsing til
Odd Drotninghaug og Roger Malvin Hole, ski-kompisar og konkurrentar i
oppveksten.
Dei som fylgde
TV-overføringa frå rennet såg at dei beste staka frå start til mål. Men det
gjorde ikkje Gyls-bonden.
- Nei, eg gjekk med
festesmurning. Og eg hadde ei flott ski-oppleving, fortel mannen som er venta
heim tysdag kveld.
Opplevinga varte i 4 timar
23 minutt og 1 sekund skal vi tru resultatlista. Med det vart han nummer 178 i
klasse 50-59 år. Og han vart nummer 829 av heile «rukkelet».
I alt fullførte 5737 løparar Marcialonga
2016. Lengste ski-opplevinga i rennet varte i 10 timar, 10 minutt og 22 sekund - eit vakse dagsverk!