I dag hyller vi Svein Arne Nakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jan 2016
Gode Svein Arne Nakken!
Kva skulle vi gjort utan deg i Velledalen IL…..? Leiar i langrennsgruppa,
primus motor for Ramstaddalsløpet og Fjellsæterrunden, dugnadsgeneral for
bygging av skibruer og rydding av løypetraséar. Og kanskje det viktigaste; kontinuerleg
brennande engasjert i det aller meste!
Svein kom tidleg inn i
langrennsmiljøet i Velledalen IL. Saman med Odd Jostein og Roger Malvin var han
laget sine gromgutar av 1966-årgang. Alle fødde i januar. Dei var gode kompisar,
men likevel harde rivalar med eigne «smørjeteam». Det klaffa ikkje alltid med
smurninga, men når det gjorde, kunne dei fort gjort smette opp i beste
tredjedelen i ei klasse med fleire gode løparar.
Det er vel rett å seie at
det var studietida på Elverum som gjorde Svein til skiløpar. Og gav han smaken på
Birkebeinerrennet. For kring ein halv mannsalder sidan, fekk Svein fast dame på
kroken. Det gjorde han litt usikker og ein smule bekymra med tanke på
framtidige Birkebeinerrenn. Han ymta frampå at no måtte han trappe ein smule ned,
mest sannsynleg….
Slik gjekk det ikkje.
Svein fekk klaff med dama frå Sørlandet. Ho sette han ikkje i band oppe i
Gylsbakkane, og la heller ingen synlege restriksjonar. Svein fekk halde fram
med Birkebeinerrenna sine. Og han fekk plusse på med Vasaloppet. No i helga
reiser han like godt til Italia for å gå det 70 km lange Marcialonga (31.
januar). 6. mars tek han det 90 km lage Vasaloppet frå Sälen til Mora i Sverige
på strak arm, og litt seinare i mars går han sitt 22. Birkebeinerrenn frå Rena
til Lillehammer.
Svein fyller 50 år. Han
snakkar ikkje lenger om å legge opp. Nei, snarare tvert om. No snakkar han om
fem- års bolkar. Det vil seie han tek fem år om gongen. Anita er med på
satsinga. Rett og slett ei sportsleg velsigning i livet hans, trur vi Berth
ville ha sagt.
Svein dreiv det ikkje
langt som fotballspelar, men han er truleg den beste oppmannen klubben (VRF)
har hatt i sine 50 år med seniorfotball. I Svein Nakken si tid trilla aldri
brennevinsflaskene ut av medisinskrinet, og han var ein oppmann som sette krav
til spelarane.
At han i yr glede over eit
opprykk frå nest lågaste kretsserienivå for VRF sitt herrelag, la på sprang frå Stranda ferjekai til
Sykkylven sentrum, fortel om engasjement. Eller kanskje enno verre. Under ein
cupkamp med Hødd som gjekk til ekstraomgangar og straffespark, vart nervane så
vaklevorne at han ikkje var i stand til å fylgje sendinga. Då Hødd vann, knytte
han joggeskorne og sprang frå Velledalen til Aure. Og hadde nokon filma han
under cupfinalen mellom Hødd og Tromsø, trur vi bestemt filmen hadde stiva både
«Bølgen» og «Snåsamannen»
Mykje meir kunne vore
skrive om denne fargeklatten. Men vi lar dykk heller lese Svein sine eigne ord
til folket (idrettsminne).
Gratulerer med dagen,
Svein!
Lukke til i Italia (les på
VIL-Nett korleis han taklar å gå side om side med italienske kvinneromper – det
er nemleg ikkje gitt på førehand.)
Presang kjem etter
heimkomsten frå Italia.
Idrettsminne her
Atle Jomar