Strammar inn premieringa.

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2016

På sist styremøte i
Velledalen IL vart det gjort eit vedtak som i høgste grad vedkjem personar som
er flittige brukarar av laget sine 14 trimpostar.
  Det vart bestemt at dei tre beste
  poengsamlarane samanlagt skal premierast, uansett medlemskap eller
ikkje i VIL. Dette utgjer inga endring frå tidlegare.

Nytt om premiering av trimpostvinnarar.

Men det er slutt på at
alle trimpostvinnarar blir premierte.
  No
heiter det at alle
  trimpostvinnarar som
har betalt medlemskontingent vert premiert. Dette betyr at på dei postane
vinnaren ikkje er medlem, vert det IKKJE delt ut premie.

Siste åra har Velledalen
IL ved fleire høve gjort sitt beste for å få flittige brukarar til å betale
medlemskontingent. Ein har ikkje meir enn delvis lukkast. Sist sesong hadde vi
15 trimpostvinnarar (delt på skogsvegen Fet, difor 15), åtte av desse hadde
betalt kontingent. Vi synest ikkje dette er godt nok.

Velledalen IL har lagt ut eit femsifra beløp til kjøp
av kasser.
  Postane må pleiast i den
forstand at det må skiftast bøker, passast på der er skrivesaker og summere
poeng ved sesongslutt. Av og til reiser heile «kostebinderiet» i sterk vind som
det har gjort på Myrdalsfjellet og Holetindane siste åra. Då må nokon gjere
dugnadsarbeid – vanlegvis i det stille.

Men sjølvsagt;

det er hundre prosent ei frivilleg sak om ein vil betale medlemskontingent. Ein
kan like det eller ikkje; men ved neste korsveg er medlemskontingent i
Velledalen IL naudsynt om ein ynskjer bli premiert som trimpostvinnar!