Velledalen IL satsar orientering

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jan 2016

Pernille Lervåg orienterte
Hovudstyret i Velledalen IL om dei vidare planane. Mellom anna skal det til
våre vere synfaring i området ved Dalemyra og Slettegjerde. Tanken er at det
skal lagast o-kart for kvart av desse områda.

Pernille er klar på at dei
unge utøvarane etter kvart må få større utfordringar enn dei fekk under dei tre
løpa sist haust. Målet er såleis både ei «småtroll-løype» og eit opplegg for
skuleborn.

Vidare vert det knytt
samarbeid med Emblem IL (leiande på Sunnmøre innan orientering). Folk frå
Sykkylven er velkomne på deira nybyrjarkurs i orientering tysdag 29.mars
(fyrste tysdag etter påpske), og like eins på storsatsinga «Fjord-O» som vert
arrangert i fellesferien. Her vert det løyper av ulik vanskegrad.

På styremøtet i VIL
torsdag 21. januar vart det bestemt at Velledalen IL raslar med pungen og
betalar for tidtakingssystem, ein skulepakke med kompass, fleire o-postar og
støttar arbeidet med o-kart for områda Dalemyra/Slettegjerde.