Du gjorde det ikkje forgjeves, Konrad!
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jan 2016
1.mai 2016 vert det 15.
Konradløpet arrangert. Med start frå Brunstad klokka 05.00. I same spora, og om
lag til same klokkeslett Konrad Brunstad pla gjere denne runden. Ikkje i sine
unge år. Nei, Konrad var godt over 70 før han byrja. Saman med Brua-Arne hadde
han vore ein tur til USA. Der observerte han at dei jogga – folk i alle aldrar.
Konrad var kring 75 - eller kanskje vel så det - før han tok laust for alvor. Det vil seie kring midt
på 1980-talet, tidlegast 1985. Dei vissaste treningsturane gjorde han til
Vellesætra, Koppen og runden som i dag utgjer Konradløp-traséen. Han deltok
fleire gonger i Ålesund Halvmaraton – også etter fylte 80 år. Etter eitt av
desse løpa i byen ringde sportssjefen i Sunnmørsposten, og lurte på om eg
kjende ein fåmælt mann frå Velledalen som heitte Konrad Brunstad….?
Det gjorde eg. Men det
skal seiast at det var dei færraste i Velledalen som brydde seg om treninga til
Konrad. Rett nok; somme tok til å skjøne at han ikkje dreiv i heilt liten
målestokk, då han som 82-åring vart trimpostvinnar samanlagt. Med over 1800
poeng !
Men smålåten som han var, presiserte han stadig vekk at treninga var av
det gode for han, men han ville ikkje rå andre eldre til å byrje med det same.
–Godt for meg, men andre vil kanskje ikkje tole det, sa Konrad med ettertanke.
Det gjekk med Konrad som
det har gjort med ei rekkje store kunstnarar. Fyrst etter han gjekk bort, vart
folk klar over at Konrad var langt føre tida si med omsyn til trening i framskriden
alder. Gravferda (i år 2000) skulle bli vendepunktet. Odd Kvammen sin film - vist i gravferda – og rapportert vidare til Velledalen IL av Ole Petter Berge,
var avgjerande for at mannen fekk sitt eige løp - Konradløpet. Fyrste gong arrangert i 2002,
med 195 deltakarar. Ei positiv, men sjokkarta oppleving for arrangøren.
Kring 15 år etter Konrad
sin død, kan ein spørje: Korleis gjekk det eigentleg med livsstilen han
praktiserte i eldre år – fekk den fotfeste…? Vi nøyer oss med å slå fast
fylgjande:
·
Folk over 90 år (eksempelvis
Oddmund Skylstad) hadde noteringar i Velledalen IL sine trimbøker i 2015.
·
Elling Hole er
midt i 70-åra og Ivar Flo også over 70, vann krevjande trimpostar som
Myrdalsfjellet og Riksheimdalen i 2015.
·
73-åringen Olaf
Øien er fast deltakar i Konradløpet og har delteke 22 gonger av 22 mulege i
Nibbeløpet (21 km med 1500 høgdemeter stigning) i Geiranger.
·
76-åringen Jarle
Fausa debuterte i Konradløpet som 68-åring på godt i overkant av 28 minutt. Han
la seg i trening, mellom anna med årviss deltaking i Konradløpet, og sprang på
23 minutt som 75-åring.
·
Av personar over
80 år med deltaking i Konradløpet nemner vi frå hugsen: Tomas Tandstad (deltok
i sitt 92. leveår), Paul Klock, Rasmus Heltne (Vigra), Harald Relling
(Langevåg), Oddmund Skylstad, Kjellaug Ulset, Paul Hole, Magnus Ødegård, Konrad
Gausemel (Hornindal) og Karstein Sørland (Ålesund).
·
1.mai 2016 går
løp nummer 15. På denne dag vil truleg fire personar over 80 år i Velledalen
delta for 15. gong - av 15 mulege!!
Namna er: Kjellaug Ulset, Magnhild Hole, Paul Hole og Magnus Ødegård.
For 40 år sidan, på
1970-talet, sprang godt vaksne menn svært sjeldan. Berre etter krøter som var
vidvanke kunne ein sjå ein mannspersonar i 40- eller 50 åra ta laust den
gongen. Og då var det ofte med livet som innsats. Raude i trynet heiv dei etter
pusten. Kvinnfolk i nemnde aldersgruppe sprang ALDRI!
Ja Konrad, du har lov å vere stolt. Vi
veit ikkje heilt kvar vi har deg, men sit du i himmelen og har tilgang på
flaggstang, då bør du bruke den 1.mai. Med godt samvit. Fyrst og fremst til ære
for deg sjølv, og livsstilen du var faneberar for, men også for det 15.
Konradløpet, og for dei fire i 80-åra i Velledalen som aldri har svikta – løpet, der farta ikkje er det viktigaste!
PS. Du må gjerne nynne «Jag
trodde änglarna fanns bara bara i himmelen» under flaggheisinga.
På vegne av oss jordiske
Atle Hole
Småjoggar og arrangør.