Olaf Einar klassevinnar

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jan 2016

arkivfoto
Og laurdag var det
verkeleg vinterkarusell med snøkave og laussnø , melder nettsida til Kondis
Møre og Romsdal. Som vanleg var valfritt 5 eller 10 km. Vår mann, Olaf Einar
Øien, var mellom dei 14 som fullførte 5 km.

Av åtte menn på denne
distansen vart Olaf nummer fire, men han var best i klasse 70-74 år med tida
27.01. Uansett klasse var Hans Jakob Hunnes (19.48) og Selina Dybvik (23.35)
dei raskaste på denne distansen.

I alt samla tredje løpet i
karusellen 36 deltakarar. Distansen over 10 km vart dominert av kjende løparar
frå Konradløpet. Jan Ketil Vinnes (Konradløp-vinnar 2015) hadde best herretid
med 39.06, medan Kari-Anne Tryggestad Ryste (Konradløp-vinnar 2014) hadde best
kvinnetid med 45.26.

Fjerde løpet i Ålesund
vinterkarusell vert avvikla laurdag 13. februar