«Årets Konrad-bombe 2015» til Olga
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2016
Vi er på
Brunstad 1. mai 2015. Klokka viser 05.20.15 og synet av Olga Sørensen
openberrar seg på Meieribrua. Tidtakarkorpset med Ove Skylstad i spissen gnir
seg i augo. Klokka viser 20.24 som sluttid då ho smett inn under målseglet.
Folk hadde
høyrt rykte om at Olga var sett på Stamina. Og ho var observert på ulike
trimpostar. Men at ho var så sprek visste truleg ingen. Heller ikkje herr
Sørensen, er vi redd for.
Han sa det
slik i etterkant.
- Ho
har vel ikkje gløymt det heilt enno. Å trene meiner eg. Du må hugse på at ho
ein gong var toppsymjar i Russland i sitt årskull.
Olga sjølv
ville ikkje ha noko snakk om springinga. Men litt fekk vi vite:
- Eg
hatar slike løp og slik trening – det er langt betre med yoga. Eg ordna meg med
musikk på øyro og let det stå til.
Av kvinnfolk
som du kan kalle fastbuande i Velledalen i 2016, har berre to sprunge raskare.
Det er Andrea Berge Kastellet (18.52 i 2014) og Pernille Lervåg (19.48 i 2012).
I alle høve
fortent pris til Olga. Og det verste av alt; vi trur dama har meir inne…..!