Æresmedlem «Bolla» vert 75
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jan 2016
Bolla kom tidleg med i
Velledalen IL og har hatt ei rekkje verve i laget. Det er vel rett å seie han
har vore innom det meste, unnateke leiar.
Han var elles ivrig
fotballspelar i VRF, stort sett i forsvar, anten som sideback eller
midtstoppar. Det vert sagt at i Bolla sine glansdagar fekk ein sjå
stupheadingar i kvar kamp. Dette
varemerke kom meir eller mindre bort då Bolla la opp, ganske nær tidspunktet at
grasbana på Dalemyra vart opna (1971). Det høvde bra for idretten, for nettopp
Dalemyra har vore Bolla sin tumleplass heilt fram til i dag. Gjennom åra har
han lagt ned ein enorm jobb med anlegget som er eigd av Velledalen IL, men siste
tiåra drifta av VRF og brukt som heimebane av FK Sykkylven ( frå 2003).
Sigvart Velle som selde
grunn til bana vart i 1975 Velledalen IL sin fyrste æresmedlem, og det passa
eigentleg godt at mannen som meir enn nokon anna har drifta det, Johan S.
Grebstad, vart den andre.
Velledalen IL gratulerer med
75 års dagen, og vi legg ved eit idrettsminne frå det miljøet Bolla likte best å
ferdast i – VRF-miljøet.
Les her