Holmenkollstafetten 2016 - Vi er påmeldt!

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2015

Då er det gjort. På årets
siste dag har friidrettsleiar Alf Petter Bøe meldt på lag til
Holmenkollstafetten 2016. Nærare bestemt laurdag 7.mai 2016.

Påmeldingsavgifta før
nyåret er akkurat 3000 kroner. Ved årsskiftet stig prisen med eit par
hundrelappar. Då Alf Petter «sleppte» påmeldinga hadde alt kring 900 lag meldt
seg i klasse A1. Ei klasse for miksa lag med fleirtal av menn. Fram til
løpsdagen er det venta at talet deltakarlag har dobla seg.

Meld interesse.

No er det viktig at alle interesserte melder seg til friidrettsleiar Alf Petter
Bøe – tlf 901 62 279. Løpet har 15 etappar og han treng både kvinner og
menn.

Laget vil ha fleirtal av
folk med opphav frå Sykkylven, men også andre aktørar. Medlemskap i VIL ein
fordel, men ikkje naudsynt. Trioen Roger Hole, Hilde Tandstad og Sverre Gunnar
Brunstad har vore sentrale i dei to siste stafettane og vil framleis vere det,
trur friidrettsleiaren, som håper ha med sterke namn som:

Njål Tyssing m frue

Anders Wigdahl

Per Inge Bjørnestad

Ellen Marie Hole

Kjell Magnar Berli

Jens Christian Hole

Kjetil Sætre

Og gjerne spreke ungutar - og jenter - med gode
resultat frå Konrad- og Tomasløp.