Pris til Steinar Myrseth
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2015
Leiar i langrennsgruppa i
Velledalen IL, Svein Arne Nakken, var prisutdelar. Han rosa staben av
trakkemaskin-køyrarar for godt utført arbeid, samstundes som han slo fast at
dei ikkje var enkle med omsyn til heider og ære. Ingen ville nemleg møte fram - difor hadde han ei fullgod erstatning; nemleg Steinar Myrseth.
Og for dei som ikkje
hugsar litt tilbake i tid, nemner vi at Steinar Myrseth var mannen som viste
diplomati og gjennomføringsevne då lysløypeprosjektet i Ladalen vart sluttført.
Såleis ein særs verdig mottakar som fekk
æra av å takka både for rosande ord og for omtanken.