Tok mot pris for rival
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2015
Kampen om Brunstadkølen
trimpost stod siste året mellom trioen Veronika Ulriksen, Linda Kristin Øye og
Arnhild Linga. Etter ein god innspurt kneip Veronika prisen med 25 turar, føre
Linda med 21 medan Arnhild stoppa på 20.
Under Idrettsgallaen 20.
desember hadde ikkje Veronika høve til å møte. Og det var då hardaste rivalen
steig fram og henta prisen på vegne av vinnaren. Ein fin gest av Linda, som sjølv
vann posten i 2014.