Ung prisvinnar frå Sula kommune

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Des 2015

Prisvinnaren som bur i
Langevåg var ikkje sjølv til stade, då tildelinga fall saman med leggetida.
Guten er nemleg berre eitt år.

Kvifor «Tidleg
Krøkjast-prisen» til akkurat Erling Johannes spør du kanskje…? Grunnen er kort,
grei og enkel. Guten er åleine på sin alder om å ha fullført både Konradløpet
og Tomasløpet i 2015. Eller sagt på ein annan måte; fullført begge dei
legendariske løpa før han kunne gå! Det er både ein god start på livet og ein
nyttig ballast å ha med.

GRATULERER Erling Johannes
– slike gutar likar Velledalen IL!!

PS. Og slike foreldre!