Johan vart «Årets Seljar»
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2015
Under Idrettsgallaen 20.
desember var det kjekt å få dele ut pris til ein superveteran. Gamle- målmannen
i VRF, Johan Svindseth, kan enno kunsten å sjarmere. I sine velmaktsdagar på
fotballbana vart det sagt at han prata motstandaren i senk når dei nærma seg
mål. No brukar han i staden praten til å sjarmere loddkjøparar under
Førjulsmessa.
Det er nemleg ikkje lett å
seie Nei til Johan når han på overtydande vis reklamerer for produktet sitt.
Nesten ingen gjer det. Og difor er Johan Svindseth uhyre verdfull for dei tre
arrangørlaga av Førjulsmessa.
I Velledalen IL var det
ikkje tvil om at prisen som «Årets Seljar 2015» skulle gå til Johan Svindseth,
målmann i særklasse på 1950 – og 1960-talet. Seljar i same klasse i 2015.
GRATULERER OG TAKK, JOHAN!!