Klubbmetorologen – Per-Gunnar Holmberg
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2015
Holmbergs Gartneri vart
under Idrettsgallaen kåra til «Årets Velgjerar», eller «Årets Støttespelar» som
det vart kalla der. Ut frå storleiken på firmaet var Holmbergs Gartneri den
desidert største og beste velgjeraren i 2015 – og fekk fortent pris og takk for
det.
Men denne saka har to
sider. Gartnaren Per-Gunnar har siste åra leika seg litt med diverse spådommar
av vêret. Vêret i framtida. Og til dels langt fram i tid. Nokre av dei har
klaffa, andre berre delvis, medan atter andre har vore heilt bort i natta.
For kring seks veker sidan
, i ei sak som også har blitt kringkasta på VIL-Nett, melde Per-Gunnar at det
ikkje kom til å bli skikkeleg vinter før 1.juledag.
Det er i morgon det, Per Gunnar! Vi får
seie det slik; Er det kvitt på marka før 1.juledag ebbar ut, så send ei positiv
melding til klubb-meteorologen vår. Vêrmeldarar får nemleg mykje kjeft.
Meldinga kan òg sendast gjennom Velledalen IL facebook