To familieprisar vart utdelte

    Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2015

    Familien Nakken og
    Familien Bjørnestad fekk kvar sin Familiepris under VIL «Idrettsgalla» sist sundag. Det vart trekt fram at familien Bjørnestad er gode rollemodellar for
    positiv livsstil og sunn folkehelse. Heile familien deltar i samla tropp,
    tilsynelatande heilt utan press, utstyr- og resultathysteri. Dei er allsidige,
    og femnar soleis breitt i aktivitetsval. I 2015 har familien mellom anna vore
    på desse VIL-arrangementa:


     ·
      

     Konradløpa


     ·
      

     Koldabakken Grand
    Prix (motbakkeløp, sprint)


     ·
      

     Tomasløpet


     ·
      

     Ramstaddalsløpet.

    Familien fekk eit
    uforpliktande familiemedlemskap for 2016
    i gåve – som betyr 100 prosent fritt for leveranser og plikter.

    Men det ligg i korta at Velledalen IL
    reknar med far Per Inge på laget i Holmenkollstafetten i 2016. Han sprang
    Konradløpet på 15.32 i 2015. Sjette plass totalt, ny personleg rekord, og
    knallsterkt av ein mann over 40!

    Vi helsar GOD JUL og
    gratulerer familien Bjørnestad med særs fortent pris.

    PS. Vi kjem tilbake med
    eiga sak om familien Nakken.