Pris til maratondama vår
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Des 2015
Somme rys i hald berre dei
høyrer ordet maraton. Kanskje ikkje rart; det er nemleg ein distanse på 42 195
meter det er snakk om.
Vi skal ikkje sjå vekk frå
at det er kvinnfolk i Velledalen IL sitt nedslagsfelt som har tenkt tanken før
Torild Hole – å gjennomføre er noko heilt anna. Det gjorde Torild Hole i Roma i
2015.
Under samkoma i Velledalen
grendahus røpa Torild at ho om kort tid startar førebuinga til eit nytt løp.
Like langt, men i 2016 går turen til Island. Kanskje litt betre løpsklima for
ein nordmann enn i sydlege strok.
Uansett; vi gratulerer
Torild med fortent pris, helsar henne og familien GOD JUL, og ynskjer henne ein
skadefri og god førebuingsperiode til maraton nummer to !!