Julegåvene har byrja sige inn til VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Des 2015
Posten er ikkje det den
eingong var, men stundom glimtar postverket til med overraskingar. Slik som i
dag. Ei kjekk lita pakning med eit kort og ein DVD. Og ein kunne lese:
- Sender en ny
Konrad-DVD, da eg syntest lyden ikkje var heilt god på den gamle.
Vi kan ikkje anna enn takke og bukke, Odd Kvammen!
Utan Konrad-filmen og
framvisinga i gravferda – og utan rapporteringa frå Ole Petter Berge om
hendinga – hadde temmeleg sikkert ikkje Konradløpet eksistert. Til våren blir løp nummer 15 arrangert – med prima
film-lyd. Velledalen IL vert 110 år same år, så vi emnar på eit saftig 125 års
jubileum 1.mai-helga 2016.