Rekordjamn julekonkurranse
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Des 2015
Den uhøgtidelege
julekonkurransen om det daglege julepoenget frå 1.desember til 24. desember
teiknar til å bli ein suksess. Hovudpremien vert trekt mellom alle med fem
poeng eller meir. Det betyr at den kan vinnast av personar som enno ikkje har
kasta seg inn i konkurransen!
Utanom hovudpremien vert
dei tre beste samanlagt premiert. Og her må ein heilt klart ha vore med heile
tida for å ha «nubbsjans». Nivået er nemleg skyhøgt. Fire personar har full
pott etter 12 spørsmål, to personar kjem poenget bak. Og feilar denne
sekstetten kan sjansen by seg for dei bak der igjen.
Og spreiinga er gledeleg
fin mellom dei åtte fremste som er busette slik:
·
3 i Velledalen
·
2 i Straumgjerde
·
2 med postadresse
6230
·
1 busett på
Austlandet
Til slutt presiserer vi:
FEM POENG ER NOK FOR Å BLI MED I TREKNINGA
AV HOVUDPREMIEN