Julepoenget – 13. desember
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Des 2015
Dagens oppgåve reknar vi
som krevjande. Ei som pirrar langtidshugsen. Velledalen IL er arrangør eller
medarrangør i ei rekkje arrangement året rundt. Somme har lang fartstid, andre
kort. Eitt av dei fire arrangementa vi nemner under starta opp på 1990-talet
ein gong, dei tre andre anten før eller seinare. Kva for eitt av desse fire
hadde debuten på 1990-talet…?
1)
Konradløpet
2)
Romjulsmarsjen
3)
Fjellsæterrunden
4)
Førjulsmessa
Vil du ha poeng må svaret
vere motteke innan utgangen av 15. desember. Send til:
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Alle med fem poeng eller
meir er med i trekninga av hovudpremien, så det er ikkje for seint å hive seg
med.
Etter halvgått «løp» er
kampen om samanlagtsigeren beinhard, noko vi kjem tilbake til i eiga sak i
løpet av kvelden.