Bøe og Bjørnestad framleis sterke

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Des 2015

Andre løpet i
vinterkarusellen i Ålesund vart arrangert laurdag 12. desember med 36 løparar
på startstrek. 13 utøvarar sprang fem kilometer, 23 den doble distansen. Mellom
deltakarane var utøvarar frå lokale klubbar både i Stranda og Sykkylven.

10 km kvinner (7 delt.)

1: Tonje Brande, ÅFIK,
40.41

3: Kari-Anne Tryggestad
Ryste, Sunnylven IL, 43.36

10 km herrar (16 delt.)

1: Jan Ketil Vinnes,
Kondis, 36.33 (Konradløp-vinnar i 2015)

3: Alf Petter Bøe, Rindal IL, 39.34

5: Bjørn Arve Brune,
Stranda IL, 42.34

5 km kvinner (3 delt.)

1: Selina Dybvik
Kristoffersen, ÅFIK, 21.50

5 km herrar (10 delt.)

1: Afewerki Tissfeu, Eritrea,
18.52

2: Per Inge Bjørnestad, Sykkylven SK, 18.53

6: Vidar Hovden, Adventistkirken, 21.36

Omrekna til aldersklasser
så vart Alf Petter nummer to i klasse 45-49 år. Bjørn Arve Brune vann klasse
50-54 år. Per Inge vann klasse 40-44 år på 5 km, med Vidar Hovden på andre
plass. Kari-Anne Tryggestad Ryste vann klasse 45-49 år.

Som ein skjønar; sterke prestasjonar av
utøvarane frå Stranda og Sykkylven.