Inger Riksheim samanlagtvinnar for fjerde gong
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2015
Arkivfoto
I år er det 25. året at
Velledalen IL gjer stas på personen som har samla flest trimpoeng samanlagt.
Talet på postar er i dag 14, noko den ikkje har vore alle 25 åra. I startfasa
var mannfolka flittigast, med Per Steinar Linga og Konrad Brunstad som dei to
fyrste vinnarane.
Etter kvart tok kvinnfolka
over. Synnøve Kristoffersen toppar med seks samanlagtsigrar frå den tida ein
kunne vinne med å samle 1000-1500 poeng. Så tok Arnhild Linga over hegemoniet
med fire samanlagt-sigrar. Framleis var nivået det ein kan kalle «truskuldig».
Men særleg dei siste seks
åra har vi gått inn i ei ny tid. Desse åra har gitt fire sigrar til Inger
Riksheim og to til Vigdis Fure. Her er Inger sine fire vinnarår:
2010: 3978 poeng
2013: 3208 poeng
2014: 3018 poeng
2015: 4022 poeng
Inger sine turar i 2015:
·
6 turar til
Koppen
·
12 turar i
Riksheimdalen
·
554 turar til
Bruna trimpost
Somme trur sikkert Inger
sette ny bestenotering med 4022 poeng. Det er ikkje tilfelle
. I 2011
samla ho heile 4249 poeng. Men dette var året Vigdis Fure sette ny
rekord med 4809 poeng, etter 687 turar til Bruna trimpost. Då melde sjølv Inger
pass og tok til takke med plass nummer to.
TOPP-10 TRIMPOSTAR OKTOBER 2014 TIL OKTOBER 2015:
1.
Inger Riksheim – 4022 poeng
2.
Ann Merete Hjorthol – 3605 poeng
3.
Solveig Olsen – 3223 poeng
4.
Arnhild Linga – 1944 poeng
5.
Ivar Arne Flo – 1848 poeng
6.
Geir Olav Drabløs – 1761 poeng
7.
Kjell Olsen – 1706 poeng
8.
Anita Mosby Nakken – 1603 poeng
9.
Nils Terje Skylstad – 1498 poeng
10.
Ingrid Brudevoll – 1427 poeng