Debutant med trott på 2.plass
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Nov 2015
Så vidt vi veit er det
fyrste gongen Ann Merete Hjorthol satsar trimpost, og det er fyrste gongen ho
er inne på Velledalen IL si topp-10 liste. Ho er det vi kallar spesialist, som
betyr at ho ikkje er registrert på andre trimpostar enn Bruna.
515 turar til Bruna
trimpost gir 3605 poeng. Ein poengsum berre Inger Riksheim og Vigdis Fure har
straffa på dei 25 åra Velledalen IL har halde på med registrering. Så alle
skjønar at vi her snakkar om ein debut med SMELL i!
Her serverer vi ei nesten komplett topp-10 liste for
året 2015:
2. Ann Merete Hjorthol - 3605 poeng
3. Solveig Olsen – 3223 poeng
4. Arnhild Linga – 1944 poeng
5. Ivar Arne Flo – 1848 poeng
6. Geir Olav Drabløs - 1761 poeng
7. Kjell Olsen – 1706 poeng
8. Anita Mosby Nakken - 1603 poeng
9. Nils Terje Skylstad - 1498 poeng
10. Ingrid Brudevoll - 1427 poeng