Solveig Olsen på pallen – sikker 3. plass

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Nov 2015

I 2014 vart Solveig Olsen
nummer to samanlagt med 2352 poeng etter 336 turar. Men sidan nivået på Bruna
trimpost er gnallhardt, auka ho dette året dosane til 461 turar! Slikt burde
betale seg. Og poengteljaren bladde hektisk i bøkene sine og kom til superfine
3223 poeng. Men trur du ho fekk betalt på resultatlista…? Neidå!

Ho gjekk éin plass tilbake, og vart altså nummer tre i
2015 – svake sjeler kunne mist livsgneisten av mindre.

Her er Solveig Olsen sine
turar frå oktober 2014 til oktober 2015:


 ·
  

 2 turar
skogsvegen Hjorthol


 ·
  

 2 turar Koppen


 ·
  

 457 turar Bruna

Slik ser samanlagtlista for 2015 ut når berre dei to
på topp manglar:

3. Solveig Olsen – 3223 poeng

4. Arnhild Linga -1944
poeng

5. Ivar Flo – 1848 poeng

6. Geir Olav Drabløs - 1761 poeng

7. Kjell Olsen – 1706 poeng

8. Anita Mosby Nakken - 1603 poeng

9. Nils Terje Skylstad
-1498 poeng

10. Ingrid Brudevoll - 1427 poeng