1498 poeng gav Nils Terje 9. plassen
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Nov 2015
For 20 år sidan kunne ein
glatt vunne på 1498 poeng. Det var den gongen dei ivrigaste bar tittelen «mosjonistar»
- no kallar vi dei «utøvarar» Ein oppgradert, og fortent tittel.
Alle som kjenner Hau-Nils
veit at han går mange andre turar i løpet av ein sesong. Både vinter og sommar.
Trimpostane er berre eit supplement.
Slik såg Nils Terje sine turar ut i sesongen oktober
2014 – oktober 2015:
·
1 tur skogsvegen
Fet
·
1 tur dammen
Riksheimdalen
·
1 tur Regndalen
·
2 turar
skogsvegen Drabløs
·
2 turar
skogsvegen Hjorthol
·
2 turar Koppen
·
4 turar
Vellesætra
·
8 turar
Brunstadsætra
·
8 turar hytta
Brunstadkølen
·
24 turar
Holetindane
·
26 turar
Myrdalsfjellet
·
122 turar
sætreelva i Holemarka
Denne lista gav altså 1498
poeng. Han har vore innom 12 av 14 postar. Berre Høgsætra og Brune manglar
TOPP-10 oktober 2014 – oktober 2015:
9. Nils Terje Skylstad
1498 poeng
10. Ingrid Brudevoll 1427