Førjulsmessa 2015: Åtte heilt nye utstillarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Nov 2015
Laurdag 14. november og
sundag 15. november reknar vi med at folk strøymer til Velledalen. Då står
kaffien klar, kakene baka, svelene steikte og rundstykka smurde. Stor tombola
med 550 vinstar står klar. Nesten like stor dagen etter. Utstillarane har jobba
fleire timar, og gler seg heilt sikkert til dei kjøpelystne kjem.
Og kjem gjer dei nok. Det
har dei alltid gjort – 22 gonger tidlegare. Parkeringa er gratis, det same er
inngangen. Så det er ingen grunn til IKKJE kome. Fleire av utstillarane har
vore her før. Somme berre éin gong, andre mange gonger. Men åtte av dei 35 har
aldri delteke på messe i Velledalen tidlegare. Dei er nok mest spente av alle!
Arrangørlaga håper
handelen vil gå med liv og lyst. Det vert betalingsterminal på huset, men det
er heller ikkje dumt å ha ordna seg med kontantar på førehand.
Her er namna på dei som
gjestar oss for fyrste gong:
·
Ronny Larsen
·
Arvid Sanches
·
Frode Breivik
·
Trude Helland
Vadset Huse
·
Einar M. Walldal
·
Oddbjørn Kleppe
·
Dagfinn Flåthe
·
Sonja Relling
·
Ta vel i mot dei
nye – og sjølvsagt også alle andre!
Så håper vi kaffien og
kakene smakar på laurdag, og vit at du er hjarteleg velkomen tilbake med heile
familien på sundag!
PS: Fotoet som prydar
denne saka er Trude Helland Vadset Huse sin sjokolade. Ho vil du finne i
kjellarsalen dei to messedagane.
For arrangørane
Atle Hole