Velledalen IL takkar 16 097
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Nov 2015
Då har den ivrige lesar
fått alle opplysningane frå dei ulike trimpostane for sesongen oktober 2014 til
oktober 2015. Berre topp-10 lista samanlagt står att.
Nest beste.
Siste
året har vore eit godt år. Rett nok klart bak fjoråret, men 2014 var heilt
spesielt med sin milde vinter. Ja, det burde mest ikkje vore med i
samanlikninga. Siste året samla dei 14 postane 16 097 noteringar. Det NEST
BESTE resultatet nokon gong. Her er tala for dei tre siste åra:
2013:
14 818
noteringar
2014:
17 956
noteringar
2015:
16 097
noteringar
Rollemodellar.
Nettsida har siste tida presentert dei 70 namna som står på topp-5 listene på
kvar post. Somme meiner at det er berre tull at desse skal gjerast offentlege.
Dei ser ikkje verdien av det. Ei lite reflektert og gjennomtenkt haldning. Også
i folkehelsearbeid ser vi gode og dårlege rollemodellar. Faktisk gjer vi det
kvar einaste dag. Kvar einaste lesar er i røynda ein rollemodell, men
fleirtalet tenkjer truleg aldri i slike baner. Dei 70 personane vi har på
topp-5 listene er langt over gjennomsnittet GODE rollemodellar. Vi er stolte av
desse personane. Dei viser for omverda at med å gå/springe ofte – og ikkje
minst skrive namnet sitt i boka – tek
dei eiga helse på alvor.
TAKK TIL ALLE!
På vegne av Velledalen IL generelt – og trimgruppa spesielt – takkar vi for
ALLE dei 16 097 noteringane i trimbøkene siste året. Anten ein sit i
beremeis på mor eller far sin rygg, eller er 92 år som Oddmund Skylstad, er
namnetrekket i trimbøkene eit ørlite, positivt bidrag i det positive folkehelsearbeidet
Velledalen IL strevar etter å utøve. I kvardagen året rundt, og til alle deler
av folket.
Takk for innsatsen i 2015!!