Over 1000 noteringar på skogsvegen Fet

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2015

Men sjølv om skogsvegen
Fet nådde 1015 noteringar er det ein nedgangspost ser ein på besøk. Ein post
der nokre få går mykje, men det hadde heilt klart vore ynskjeleg med fleire
brukarar. For turen er fin anten ein går frå Fet eller heilt frå Velle (slik
Team Bøe har gjort).

Vi har tidlegare lese at
det skilde berre éin tur mellom dei to beste på Koppen. I skogsvegen på Fet
vart det uavgjort. Og dei to som deler fyrsteplassen står for 574 av 1015 turar.
Hatten av for den prestasjonen!

Elles honnør til Margit
Fet, som i ein alder av godt over 80 år, er inne på fjerdeplass med 46 turar.
Og vi finn det rett å nemne at mykje av nedgangen truleg skuldast tredjeplasserte
Astrid L Drabløs sitt lange skadeavbrot. Skadeavbrot i teneste for trimposten
og eiga helse, kan ein vel seie. På femte plass finn vi ein langvegsfarande
gjest – ein ungdom å rekne samanlikna med dei andre «toppane» på posten.

   

SKOGSVEGEN FET 2015
 :

287 turar: Odd- Kåre Fet

287 turar: Grethe Fet

179 turar: Astrid L
Drabløs

46 turar: Margit Fet

26 turar: Alf Petter Bøe

SKOGSVEGEN FET SISTE TRE ÅR:

2013: 1117 noteringar

2014: 1095 noteringar

2015: 1015 noteringar

TRIMPOSTRANGERING 2015:

6. Skogsvegen Fet – 1015 noteringar

7. Skogsvegen Hjorthol - 968

8. Myrdalsfjellet – 752

9. Regndalen – 433

10. Skogsvegen Drabløs - 432

11. Koppen – 414

12. Hytta Brunstadkølen - 270

13. Holetindane – 127

14. Høgsætra Fet – 119

TRIMPOSTVINNARAR ETTER KJØNN – HITTIL 2015:

Kvinner – Menn 5-5